Merittering av undervisere: Forskjell mellom sideversjoner

Fra juransatte
Linje 34: Linje 34:
==Kva vil det seia å bli merittert?==
==Kva vil det seia å bli merittert?==
'''Varigheit for meritteringa'''
'''Varigheit for meritteringa'''
Merittering som framifrå undervisar er ein mellombels status. Ein blir tildelt status som framifrå undervisar for seks år.
Etter seks kan ein søkja om forlenging av meritteringa i ytterlegare fire år. Søknad om Søknaden om forlenging av statusen treng ikkje vera like omfattande som den første søknaden, men søkjaren må visa at ein har halde fram å utvikla og oppdatera både eigen pedagogisk kompetanse, og undervisninga ein gjev, i tillegg til å oppfylla dei framtidsplanane som vart skisserte i den opphavlege søknaden. 
'''Lønnsauke'''
'''Lønnsauke'''
'''Driftsmidlar/utviklingsmidlar'''
'''Driftsmidlar/utviklingsmidlar'''
'''Plikt til å vera ressursperson'''
'''Plikt til å vera ressursperson'''
'''Ikkje same forventning om å skriva forskingssøknader'''
'''Ikkje same forventning om å skriva forskingssøknader'''



Sideversjonen fra 4. okt. 2019 kl. 12:13

NB! Denne siden er under arbeid.

Utlysning av ordning for merittering av undervisarar

Tilsette med førstestillingskompetanse kan no søkja om å bli merittert som framifrå undervisar/fremragende underviser.

På denne sida finn du informasjon om søknadsprosess og vurderingskriterier.


Søknadsfrist: 1. februar 2020.


Neste søknadsfrist blir 15. september 2021. Deretter 15. september anna kvart år.*

(*Med atterhald om at ordninga kan bli endra dersom UiB vedtek ei einskapleg ordning som gjeld heile universitetet etter at fakulteta prøvd ut ulike variantar av meritteringsordninga.)

Tilbake til Hovedside

Bakgrunn

I Stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høyere utdanning (Meld.St. 16 (2016–2017)) stiller regjeringa krav om at alle universitet og høgskular skal etablera meritteringssystem som skal bidra til at arbeid med å utvikla god undervisning vert verdsett.

Universitetsstyret vedtok i sak 60/17 at UiB innfører meritteringsordninga Fremragende underviser og undervisningsmiljø (FUND). Utdanningsutvalet

Det er opp til fakulteta å utvikla, implementera og prøva ut ordninga slik at ho vert tilpassa det einskilde fakultet. Etter at ulike løysingar er prøvde ut ved dei ulike fakulteta, skal ordninga evaluerast. Det er sannsynleg at det deretter vil bli vedteke ei einskapleg ordning som vil gjelda heile UiB.

Grunnlagsdokument LAST OPP FILENE!

  • Sak 48/19 til fakultetesstyret 4.6.2019 (vedtakssak)
  • Sak 77/18 til fakultetsstyret 18.12.2018 (drøftingssak)
  • UiBs handlingsplan for utdanningskvalitet 2017-2022

Kva vil det seia å bli merittert?

Varigheit for meritteringa Merittering som framifrå undervisar er ein mellombels status. Ein blir tildelt status som framifrå undervisar for seks år.

Etter seks kan ein søkja om forlenging av meritteringa i ytterlegare fire år. Søknad om Søknaden om forlenging av statusen treng ikkje vera like omfattande som den første søknaden, men søkjaren må visa at ein har halde fram å utvikla og oppdatera både eigen pedagogisk kompetanse, og undervisninga ein gjev, i tillegg til å oppfylla dei framtidsplanane som vart skisserte i den opphavlege søknaden.

Lønnsauke

Driftsmidlar/utviklingsmidlar

Plikt til å vera ressursperson

Ikkje same forventning om å skriva forskingssøknader

Søknadsprosess

Kven kan søkja?

Vitskapleg tilsette med førstestillingskompetanse kan søka.

Ordninga gjeld både fast- og mellombels tilsette. At ein normalt blir merittert for seks år, har ikkje innverknad på sluttdatoen for den mellombelse tilsetjinga, og goda og pliktene som følgjer av status som merittert undervisar gjeld ikkje ut over tilsetjingsperioden.

Korleis søkja?

Tilsette som ønskjer status som framifrå undervisar må sjølv søkja om å bli vurderte for merittering. Søkjarar som er tilsett etter at det vart innført krav om pedagogisk basiskompetanse for tilsetjing i stilling delt mellom forsking og undervising (ca 1990) må kunna dokumentera slik basiskompetanse for å få søkja om merittering.

Søknaden skal vera på maksimalt 10 sider, med tillegg av ein relevant innretta CV og relevante vedlegg som dokumenterer det pedagogiske kompetansenivået til søkjaren. Søknaden som heilskap skal gjennom eigenrefleksjon og vedlagt dokumentasjon visa korleis søkjaren innfrir dei fire hovudkriteria som er prinsippa innan Scholarship of Teaching and Learning (SoTL):

1) Ein kollegial haldning og praksis
2) Fokus på studentane si læring
3) Ei forskande tilnærming
4) Ei klar utvikling over tid.

Dei fire kriteriene blir nærare forklart i avsnittet vurderingskriterier.


Kva søknaden skal innehalda

  • Ei skildring av søkjaren sitt pedagogiske grunnsyn. Det vil seia ei reflekterande framstilling av korleis undervisaren forstår læring i sitt fag, og korleis søkjaren forstår rolla si som tilretteleggjar for læring i eigen undervisningspraksis og/eller annan pedagogisk praksis.
  • Døme frå eigen utdanningspraksis som viser breidde og djupne i den pedagogiske kompetansen til søkjaren, samt refleksjon kring korleis og kvifor undervisninga vart gjennomført slik ho vart, og korleis desse vala og denne undervisningspraksisen stør opp under læringa til studentane. Søkjaren må grunngje utvalet av døme, og døma skal belysa og utdjupa tema og forhold som ut frå det pedagogiske grunnsynet framstår som viktige.
  • Ei reflektert og drøftande framstilling av korleis søkjaren har utvikla seg som undervisar, og som aktør i anna pedagogisk arbeid, og kva planar søkjaren har for vidare utvikling.
  • Skildring av, og døme på, korleis søkjaren har bidrege til å utvikla undervisninga og undervisningskvaliteten ved fakultetet eller ved institusjonen gjennom å dela erfaringar med andre og samhandla konstruktivt med kollegaer, inkludert arbeidsgruppeleiarar, storgruppeleiarar og studieadministrasjon. I tillegg skal vidare planar for erfaringsdeling og bidrag til kompetanseutvikling i kollegiet skildrast.

Kva CV’en skal innehalda

CV'en som må leggjast ved søknaden skal gje ei oversikt over:

  • søkjaren si utdanning og arbeidserfaring/tilsetjingsforhold, under dette oversikt over søkjaren si pedagogiske utdanning (universitetspedagogikk og eventuell anna pedagogisk utdanning)
  • søkjaren si undervisningsverksemd (på ulike nivå og i ulike former)
  • erfaring med eksamensarbeid
  • utdanningsfaglege eller fagdidaktiske publikasjonar
  • utarbeidde lærebøker og andre læringsverkty
  • formidlingsarbeid og/eller erfaringsdeling i relasjon til utdanning
  • utmerkingar og prisar i relasjon til utdanning
  • rettleiing på master- og doktorgradsnivå
  • arbeid med utvikling, revisjon og fornying av studieplanar og undervisningsopplegg
  • deltaking i evaluering av utdanning og utdanningskvalitet ved eige fakultet eller ved andre institusjonar
  • leiing av, og deltaking på konferansar av fagdidaktisk karakter og som forfattar, referee eller redaksjonsmedarbeidar i fagdidaktiske tidsskrift

Lista viser kva som kan vera relevant å føra opp i CV-en. Lista må ikkje forståast som at ein er nøydd til å kunna føra opp noko under alle desse punkta for å kunna søkja om merittering.

Aktuelle vedlegg

Vedlegga skal dokumentera det søkjaren skriv i søknaden. Døme på aktuelle vedlegg kan vera kursbevis, artiklar, emneevalueringar (både studentevalueringar og kursansvarleg sin kursrapport), rapportar og saker til studieutvalet som viser utvikling av studietilbodet, til dømes endring av emneskildring. Lista er ikkje uttømmande.

Kriterier for å bli merittert

Kriterier for tildeling av status som Fremragende underviser (FUND) ved Det juridiske fakultet Status som Fremragende underviser tildeles undervisere med førstestillingskompetanse på bakgrunn av søknad og en påfølgende vurdering foretatt av en bedømmelseskomité. For undervisere som er ansatt etter at krav om pedagogisk basiskompetanse ble innført, er dokumentasjon på slik basiskompetanse en forutsetning for å kunne søke. Søkeren skal i søknaden og i vedleggene dokumentere et systematisk og målrettet arbeid med utdanningskvalitet inn mot fire kriterieområder forankret i prinsippene bak Scholarship of Teaching and Learning (SoTL):

1. En kollegial holdning og praksis

  • Søkeren bidrar til å utvikle undervisningen og undervisningskvaliteten gjennom å dele erfaringer med andre og samhandle konstruktivt med studenter og kollegaer.
  • Søkeren engasjerer seg i og samhandler med andre gjennom gjensidig erfaringsutveksling, for eksempel i diskusjoner, på konferanser og gjennom publikasjoner.
  • Søkeren bidrar til å utvikle institusjonens strategiske mål for utdanningskvalitet.
  • Søkeren bidrar aktivt i fora og utvalg for å utvikle studieprogrammene ved fakultetet eller har gjort en særlig innsats for å utvikle ett eller flere enkeltemner i studieprogrammene ved fakultetet.

2. Fokus på studentenes læring

  • Søkeren viser engasjement for studentene og har et tydelig fokus på studentenes læring i all sin undervisningsvirksomhet.
  • Søkeren har et bevisst forhold til sammenhengen mellom undervisningsform, læringsutbytte, vurderingsform, og typer av læring.
  • Det er en tydelig og begrunnet sammenheng mellom søkerens grunnleggende forståelse av undervisning og læring, og undervisningsvirksomhet.
  • Søkeren etterspør og reagerer konstruktivt på tilbakemeldinger fra studentene. Søkeren viser til konkrete studentevalueringer og egen refleksjon knyttet til tilbakemeldinger fra studentene.

3. En forskende tilnærming

  • Søkeren planlegger, kartlegger, vurderer og modifiserer sin undervisningspraksis med henblikk på hva og hvordan en best støtter opp under studentenes læring.
  • Søkeren reflekterer over sin egen undervisningsvirksomhet i lys av universitetspedagogisk teori og fagdidaktisk kunnskap.
  • Søkeren driver forskningsbasert undervisning, både i form av at det faglige innholdet er basert på oppdatert og aktuell forskning i faget, og at studentene lærer å ha en forskende tilnærming til sin egen læring.

4. En klar utvikling over tid

  • Søkeren har bevisst og systematisk tilstrebet å videreutvikle undervisningens hensikt, form og innhold for å støtte opp om studentenes læring.
  • Søkeren har idéer og planer for fortsatt utviklingsarbeid og videreutvikling av sin egen undervisningskompetanse og praksis i fremtiden.

Kva skjer etter at du har søkt?

Søknadene vil bli vurderte av ein vurderingskomité sett ned av dekanen.

Vurderingskomitéen vert leia av studiedekanen og består i tillegg av

  • Éin representant frå eit anna juridisk fakultet i Norden som har dokumentert kompetanse/erfaring innan kvalitetsutvikling av utdanning
  • Éin representant frå institutt frå pedagogikk, eller ein representant med erfaring frå vurdering av søknader om merittering av undervisarar ved eit anna fakultet ved UiB.
  • Éin representant for studieseksjonen
  • Éin studentrepresentant

Grunnlaget for vurderinga av søknadene om merittering, er undervisaren sin søknad og portefølje slik den går fram av CV-en og andre vedlegg, halde opp mot Kriterier for tildeling av status som Fremragende underviser (FUND) ved Det juridiske fakultet.

Komiteen leverer ei skriftleg innstilling som vert lagt fram for fakultetsstyret for endeleg vedtak. Fakultetesstyret har kompetansen til å tildela meritteringa "Fremragende underviser og undervisningsmiljø (FUND)".

Kontaktpersonar ved spørsmål

Dersom du lurar på å søkja, eller dersom du har spørsmål til søknadsprosessen eller vurderingskriteria, ta kontakt med:

Visedekan for utdanning Magne Strandberg

Rådgjevar i studieseksjonen Ingrid Tøsdal


Tilbake til Hovedside