Merittering av undervisere: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
| Linje 9: | Linje 9: | ||
Første utlysing under denne ordninga hadde søknadsfrist 1. februar 2020, og førsteamanuensis Jan-Ove Færstad mottok den gjeve meritteringa. | Første utlysing under denne ordninga hadde søknadsfrist 1. februar 2020, og førsteamanuensis Jan-Ove Færstad mottok den gjeve meritteringa. | ||
''' | '''Søknadsfrist er 15. september anna kvart år (fra 2021).'''* | ||
Tilbake til [[Hovedside]] | Tilbake til [[Hovedside]] | ||
| Linje 29: | Linje 22: | ||
Inntil vidare gjeld ordninga ved fakultetet slik ho er skildra under. | Inntil vidare gjeld ordninga ved fakultetet slik ho er skildra under. | ||
==Set deg inn i kriteria og planlegg for framtida== | |||
For mange vil det ikkje vera aktuelt å søkja om status som merittering som framifrå undervisar ved kommande søknadsfrist. Likevel kan det vera nyttig at du set deg inn i kriteria for å bli merittert. Då kan du planleggja innsatsen din og arbeidet ditt slik at du har grunnlag for å søkja ved ein seinare søknadsfrist. | |||
| Linje 145: | Linje 141: | ||
====Aktuelle vedlegg==== | ====Aktuelle vedlegg==== | ||
Vedlegga skal dokumentera det søkjaren skriv i søknaden. Døme på aktuelle vedlegg kan vera kursbevis, artiklar, emneevalueringar (både studentevalueringar og | Vedlegga skal dokumentera det søkjaren skriv i søknaden. Døme på aktuelle vedlegg kan vera kursbevis, artiklar, emneevalueringar (både studentevalueringar og emneansvarleg si egenvurdering av emne), rapportar og saker til studieutvalet som viser utvikling av studietilbodet, til dømes endring av emneskildring. Lista er ikkje uttømmande. | ||
====Adresse søknaden skal sendast til==== | ====Adresse søknaden skal sendast til==== | ||
| Linje 181: | Linje 177: | ||
::*Kontor: 725 | ::*Kontor: 725 | ||
Seniorrådgjevar i studieseksjonen Nina Østensen | |||
::*E-post: [mailto: | ::*E-post: [mailto:nina.ostensen@uib.no nina.ostensen@uib.no] | ||
::*Telefon: 55 58 | ::*Telefon: 55 58 97 56 | ||
::*Kontor: | ::*Kontor: 710 | ||
Om du treng tips til utarbeiding av søknad og CV kan det vera ein god idé å ta kontakt med ein av dei som allereie er meritterte undervisarar ved andre fakultet, og har vore gjennom ein tilsvarande søknadsprosess. Du finn oversikt over meritterte undervisarar ved UiB og mer info om ordninga på [https://www.uib.no/meritteringsordning-undervisere UiBs nettsider]. | |||
: | |||
Tilbake til [[Hovedside]] | Tilbake til [[Hovedside]] | ||
Sideversjonen fra 4. mai 2022 kl. 11:28
Utlysing av ordning for merittering av undervisarar:
|
Tilsette med førstestillingskompetanse kan søkja om å bli merittert som framifrå undervisar/fremragende underviser. På denne sida finn du informasjon om søknadsprosess og vurderingskriterier. Første utlysing under denne ordninga hadde søknadsfrist 1. februar 2020, og førsteamanuensis Jan-Ove Færstad mottok den gjeve meritteringa. Søknadsfrist er 15. september anna kvart år (fra 2021).* Tilbake til Hovedside BakgrunnI Stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høyere utdanning (Meld.St. 16 (2016–2017)) stiller regjeringa krav om at alle universitet og høgskular skal etablera meritteringssystem som skal bidra til at arbeid med å utvikla god undervisning vert verdsett. Universitetsstyret vedtok i sak 60/17 at UiB innfører meritteringsordninga Fremragende underviser og undervisningsmiljø (FUND). Det er opp til fakulteta å utvikla, implementera og prøva ut ordninga slik at ho vert tilpassa det einskilde fakultet. I juni 2019 vedtok Fakultetsstyret ordninga som skal gjelda ved Det juridiske fakultet og som vert lyst ut første gong hausten 2019. Dei fakultetsvise ordningane er i utgangspunktet vedtekne som prøveordningar for fem år. Etter at ulike løysingar er prøvde ut ved dei ulike fakulteta, skal ordninga evaluerast. Det er sannsynleg at det deretter vil bli vedteke ei einskapleg ordning som vil gjelda heile UiB. Då fakulteta har vedteke og iverksett ordningane sine til ulike tidspunkt er det uvisst kva tid UiB vil ta initiativ til evaluering og eventuell samordning. Inntil vidare gjeld ordninga ved fakultetet slik ho er skildra under. Set deg inn i kriteria og planlegg for framtidaFor mange vil det ikkje vera aktuelt å søkja om status som merittering som framifrå undervisar ved kommande søknadsfrist. Likevel kan det vera nyttig at du set deg inn i kriteria for å bli merittert. Då kan du planleggja innsatsen din og arbeidet ditt slik at du har grunnlag for å søkja ved ein seinare søknadsfrist.
Kva vil det seia å bli merittert?Merittering som framifrå undervisar er ein mellombels status. Ein blir tildelt status som framifrå undervisar for seks år. Etter seks år kan ein søkja om forlenging av meritteringa i ytterlegare fire år. Søknad om forlenging av statusen treng ikkje vera like omfattande som den første søknaden, men søkjaren må visa at ein har halde fram å utvikla og oppdatera både eigen pedagogisk kompetanse, og undervisninga ein gjev, i tillegg til å oppfylla dei framtidsplanane som vart skisserte i den opphavlege søknaden. LønnsaukeDen som oppnår status som merittert undervisar ved Det juridiske fakultet får ein lønnsauke på kr. 50 000 per år i perioden meritteringa varer. I tillegg til å vera ei påskjøning for framifrå undervisning, må lønnsauken og sest som ein kompensasjon for dei pliktene som følgjer med status som framifrå undervisar. Driftsmidlar/utviklingsmidlarI tillegg til lønsauken blir meritterte undervisarar tildelt personlege driftsmidlar kvart år i meritteringsperioden i same storleik som forskargruppeleiarar. Det vil sei inntil kr. 25 000 til drift per år. Ubrukte midlar vert ikkje overførte til neste år. Driftsmidla kan nyttast etter same retningsliner som forskargruppeleiarmidla, så langt desse høver. Ved hjelp av driftsmidla kan undervisaren halda fram med å utvikla den pedagogiske kompetansen sin og halda seg oppdatert på utviklinga innan forsking på undervisning og læring ved å delta på konferansar og liknande, utan å måtta søka fakultetet særskilt om reisestønad til dette. Plikt til å vera ressurspersonDen som oppnår status som framifrå undervisar skal vera ein ressurs i fagmiljøet den perioden ein er merittert. Døme på kva som kan liggja i å vera ein ressurs for fagmiljøet:
Ikkje forventa å skriva forskingssøknaderAlle vitskapleg tilsette med førstekompetanse er forventa å bidra til eksterne søknader om forskingsmidlar. Som framifrå undervisar er ein oppteken med å utvikla god undervisning, og så lenge ein har status som framifrå undervisar skal ein bidra til å løfta undervisningskvaliteten. Det blir difor ikkje forventa at ein samstundes skal utvikla og levera prosjektsøknader som gjeld forsking, til dømes til NFR- eller EU. Det er sjølvsagt ikkje noko til hinder for at ein, dersom ein ønskjer det, også kan bidra til forskingssøknader. Men medan ein har status som framifrå undervisar møter ein ikkje dette som ei forventning. Det er legitimt å prioritera undervisning framfor forsking. Heider og æreDen eller dei undervisarane som vert meritterte vert heidra ved første passande høve, til dømes i samband med eit fakultetsseminar eller ved eit eige lunsjseminar der den som er merittert får høve til å dela erfaringar med kollegaer. Tid, stad og form for korleis den/dei meritterte undervisarane skal heidrast blir tilpassa planane elles ved fakultetet i den aktuelle perioden. I tillegg skal meritteringa omtalast i både fakultetsnytt, på fakultetets nettsider og i sosiale media. Tittelen framifrå undervisar/fremragende underviser kan leggjast til på skiltet på kontordøra og på personsida på internett. Kriterier for å bli merittertKriterier for tildeling av status som Fremragende underviser (FUND) ved Det juridiske fakultet Søkeren skal i søknaden og i vedleggene dokumentere et systematisk og målrettet arbeid med utdanningskvalitet inn mot fire kriterieområder forankret i prinsippene bak Scholarship of Teaching and Learning (SoTL): 1. En kollegial holdning og praksis
2. Fokus på studentenes læring
3. En forskende tilnærming
4. En klar utvikling over tid
SøknadsprosessDesse kan søkjaVitskapleg tilsette med førstestillingskompetanse kan søka. Ordninga gjeld både fast- og mellombels tilsette. At ein normalt blir merittert for seks år, har ikkje innverknad på sluttdatoen for den mellombelse tilsetjinga, og goda og pliktene som følgjer av status som merittert undervisar gjeld ikkje ut over tilsetjingsperioden. Slik søkjer einTilsette som ønskjer status som framifrå undervisar må sjølv søkja om å bli vurderte for merittering. Søkjarar som er tilsett etter at det vart innført krav om pedagogisk basiskompetanse for tilsetjing i stilling delt mellom forsking og undervising (ca 1990) må kunna dokumentera slik basiskompetanse for å få søkja om merittering. Søknaden skal vera på maksimalt 10 sider, med tillegg av ein relevant innretta CV og relevante vedlegg som dokumenterer det pedagogiske kompetansenivået til søkjaren. Søknaden som heilskap skal gjennom eigenrefleksjon og vedlagt dokumentasjon visa korleis søkjaren innfrir dei fire hovudkriteria som er prinsippa innan Scholarship of Teaching and Learning (SoTL):
Dei fire kriteriene vart nærare forklart i avsnittet "vurderingskriterier" lenger oppe på sida. Kva søknaden skal innehalda
Kva CV’en skal innehaldaCV'en som må leggjast ved søknaden skal gje ei oversikt over:
Lista viser kva som kan vera relevant å føra opp i CV'en. Lista må ikkje forståast som at ein er nøydd til å kunna føra opp noko under alle desse punkta for å kunna søkja om merittering. Aktuelle vedleggVedlegga skal dokumentera det søkjaren skriv i søknaden. Døme på aktuelle vedlegg kan vera kursbevis, artiklar, emneevalueringar (både studentevalueringar og emneansvarleg si egenvurdering av emne), rapportar og saker til studieutvalet som viser utvikling av studietilbodet, til dømes endring av emneskildring. Lista er ikkje uttømmande. Adresse søknaden skal sendast tilSøknad med vedlegg skal sendast per e-post til Det juridiske fakultet på adressen post@jurfa.uib.no innan søknadsfristen. Kva skjer etter at du har søkt?Søknadene vil bli vurderte av ein vurderingskomité sett ned av dekanen.
Komiteen leverer ei skriftleg innstilling som vert lagt fram for fakultetsstyret for endeleg vedtak. Fakultetesstyret har kompetansen til å tildela meritteringa "Fremragende underviser og undervisningsmiljø (FUND)".
Evalueringa av søknadar om forlenging blir gjort av den same vurderingskomiteen som vurderer nye søknader om merittering som framifrå undervisar det aktuelle året. Komiteen må sjå tilbake til den opphavlege søknaden til undervisaren for å vurdera om søkjaren har oppfylt det som vart skrive i søknadsdokumentet om planar for vidare utvikling både av eigen pedagogiske kompetanse, eiga undervisning og bidrag til å utvikla kollegiet og undervisninga elles ved fakultetet. I tillegg skal komiteen vurdera planane for den neste fireårsperioden, før komiteen sender ei innstilling til fakultetsstyret om korvidt statusen skal forlengast eller ikkje. Kontaktpersonar ved spørsmålDersom du lurar på å søkja, eller dersom du har spørsmål til søknadsprosessen eller vurderingskriteria, ta kontakt med: Dekan Karl Harald Søvig
Seniorrådgjevar i studieseksjonen Nina Østensen
Tilbake til Hovedside |
